mandag 10. oktober 2011

Det heile begynte ein fuktig akften på Forza konsert, der eg trakka skeivt i eit trappetrinn og tydeligvis vrikka kneet.
Tenkte at dette går nok over av seg sjøl, og gjorde ikkje noko meir med det.
Og det vart bedre.
Heilt til eg skulle gå tur torsdagskvelden og kneet låste seg fullstendig.
"Shitman, jammen gla det snart er helg" tenkte eg, der eg hinka og kava meg grinande på vei til jobb fredagsmorgon.
Etter ei 8 timers vakt i eit reint smertehelvette satte eg kursen mot legevakta og såg for meg ei helg med krykker og paralgin forte.
Men etter 4 1/2 timers venting fekk eg beskjed om å reise direkte til akutten på Haukeland.
Litt lettare forvirra stod vi og venta på taxien som aldri kom, då det viste seg at taxisentralen hadde lagt oss inn til henting på mandag.
Heilt normalt å bestille taxi frå legevakta til akutten 3 daga i forveien tydeligvis...
Då vi endelig kom oss opp til sjukehuset vart det selfølgelig endå meir venting.
Og litt knekking på foten.
Og endå meir venting.
Og etter litt meir knekking og venting fekk eg meg ei seng ca rundt klokka 3 på natta, og vart plassert inni ein mørk krok i ein mørk gang og følte litt at eg var med i den danske serien Riget.
Heile helga har egentlig bestått av venting, ein liten MR-undersøkelse lørdags formiddag og endå meir venting. 
Søndagsettermiddagen kom det ein nyfødt lege opp til meg og tegna og forklarte litt kva som hadde skjedd.
Han kunne forklare at minisken min mest sannsynlig har bretta seg og at dei altså vil gå inn og skjære av ein liten del.
Så vart eg seint heim med krykker under armen og ventar no på å bli inkalla til operasjon i løpet av dei 4 nærmaste vekene.
Ein slik operasjon er vel aldri passande, men EKSTREMT lite passande når eg skal åpne ny butikk om 3 veker....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar