onsdag 19. januar 2011

MITT LIV SOM AVHOLDS Dag 1

Etter at eg oppdaga espresso martini har det egentlig berre gått nedover. 
Lørdag gjekk eg atter ein gong på ein smell, og veit fortsatt ikkje kva eg gjorde på etter klokka 00:00.
Så etter at eg no har gått nokon rundar med meg sjølv har eg funne ut at nok er nok. 
(Eller...etter lørdag 29.januar er det nok...)
Frå no av er det all work and no play, så får eg heller bli ein dull person.
Så i dag når alle andre skulle ut, har eg vaska og meldt meg på sånn ca alle timane på Sats. 
Og vart egentlig litt glad når eg fant ut at sluken på badet var tett så eg kunne ta meg ein runde med plumbo. 
Hadde planlagt å lakke neglene mine, men får heller ta det i morgon då. 
Fordele rusen litt utover. 

DAG 1:
Ta vare på deg selv!
Sjekk at det ikke finnes alkohol hjemme. 

Så satsa vi på at dette skal gå bra :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar