tirsdag 17. januar 2012

Monkey Gone To Heaven


No når det nærma seg dommedag og greier har eg tenkt litt på det.
At den dagen eg forsvinne vil eg at det skal stå "this monkey's gone to heaven" på gravsteinen.

mandag 16. januar 2012

Two Silver Trees


Det er når du ligg i senga klokka 23:00 på kvelden og klagar på at naboen har fest at du innser at du kanskje har begynt å bli litt eldre.
No skal ikkje eg klage så masse.
Er vel strengt tatt Thomas som fikk kjenne det mest på kroppen den gongen han gikk ned for å sei at no er festen over, og fikk slengt i trynet at han måtte hugse på at han har vore ung ein gong han og.

torsdag 12. januar 2012

I told you your dreams would come true


Røyken er stumpa.
Treningsbuksa er på.
Kneet er so som so, men shitlagå.
2012 skal bli det sunnaste året sidan 1998.

tirsdag 3. januar 2012

Stay Tuned


Min nye musikkhelt.
Passar bra sidan eg skal tilbringe tjuetolv på kjøkkenet og bli seriøs husmor.
Passelig rytme å kna brøddeigen til.

lørdag 24. desember 2011

Solsnu

Torsdag 22.desember feira vi solsnu inne på Grunjen, med gløgg, stjerneskudd, bål og "No livnar det i lundar".
Deilige, deilige tradisjonar.
No er juletreet pynta, champisen spretta og jula i gong.
GOD JUL!

torsdag 22. desember 2011

Musikkåret 2011


Prøvde å lage ei topp 10 liste frå musikkåret 2011.
Noko som egentlig er ganske vanskelig.
Men kom iallefall fram til at forskjellige bergensartistar kom til å kapre store deler av lista om eg hadde blitt ferdig med den.
I <3 Bergen!

mandag 19. desember 2011

Nyttårsforsett


Mitt nyttårsforsett dei 5 siste åra har vert at eg skal reise meir.
Masse!
2012 startar bra med ein tur til Liverpool og ein tur til København.
Så satsar vi på at vi får drusa oss til med ein tur til New York til høsten.
Eg blir jo tross alt 30.
Og det skal feirast gjennom heile 2012!